

Fiskesesongen startar 17. juli
Vegen inn til Lærdal statsalmenning er open frå og med fredag 17. juli. Då startar også fiskesesongen, men det det er mykje snø til fjells, så i starten av sesongen vil berre nokre få av vatna vera fiskbare, I alle høve er det meste av Hallingskeidsanden ope ved sesongstart og Kvevotni så vidt fiskbart med stong nokre plassar (sjå bileta). Småvatna nær vegen (Blandevatn, Tvillingtjørn, Eivindtjørn og Gravdalsnostjørn) er truleg også fiskbare meir eller mindre frå starten av s