top of page

Fiskekort

 

Fiskekort kan du kjøpa anten: 

– Her på Inatur (Obs: ved kjøp på Inatur blir det lagt på eit servicegebyr på 20 kr.; denne summen blir lagt på uavhengig av kva type og kor mange kort du kjøper. Dette er eit gebyr Inatur legg på automatisk) 

– Eller direkte hjå Fjellstyret – betaling anten kontant eller med Vipps. Ta kontakt på telefon med ein av følgjande i førevegen så du er sikker på å treffa ein av oss heime:

  • Kenneth Grøthe, tlf: 900 73 896.

  • Ole Ramshus Sælthun, tlf: 977 36 994

OBS!: Når du køyrer anleggsvegen innover Raasdalen/Øyridalen for å koma til Lærdal statsalmenning, kjem du til ein bom. Der er ein nøkkjelboks er festa på bommen. Koden til denne får ein utlevert ved kjøp av fiskekort, jaktkort eller ved leige av fjellstyrehytte. Nøkkjel må leggjast attande i boksen når ein har låst opp bommen og deretter må boksen låsast att med kode. Bommen skal alltid vera låst. 

 

Koden til nøkkjelboksen får du på kvitteringa når du kjøper fiskekort på Inatur – her står koden på side 2 under «Informasjon fra selger». Ved direktekjøp av fiskekort får du oppgitt koden hjå selgjar. Det er veldig viktig at ein noterer ned koden, elles kjem du deg ganske enkelt ikkje på fisketur (og det er ikkje mobilsignal inne ved bommen – ein må køyra nesten heilt attende til sivilisasjonen for å koma i dekning)

                                                        Familiekort

Prisar:                     Stong-oter/Garnkort/Stong

Dags-/døgnkort:    100 kr         125 kr       175 kr

Helgekort:              200 kr         250 kr       300 kr

Vekekort:                250 kr         300 kr       350 kr

Sesongkort:           400 kr         450 kr       650 kr

Ved kjøp av stong/oter og garn er sesongkort kr. 700. Familiekort gjeld for ektepar/sambuarpar og born 16-18 år (Born under 16 år har gratis fiskekort for stong/oter)

VIKTIG! Det skal leverast fiskerapport etter endt fiske. Rapportskjema får du med når du kjøper fiskekort direkte/fysisk, elles kan dette sendast på e-post til: laerdal@fjellstyrene.no med følgjande info:

– Antal fanga fiske per vatn

– Snittvekt per vatn

– Reiskap brukt under fangsten (oter/song eller garn) per vatn

Rapportmal kan du lasta ned her

Fiskereglar finn du ved å trykkja her.

bottom of page