
Fjellfiske i Lærdal statsalmenning
Ved å kjøpa fiskekort hjå Lærdal fjellstyre får du tilgang til fiske i rundt 50 fjellvatn i Lærdal statsalmenning. Det ligg vatn både på aust- og vestsida av anleggsvegen. Terrenget er meir karrig i aust, men også her er det gode fiskevatn.
Dei største vatna kan innanbygds fiska med garn i. Ved Kvevotni, Hilmsvatnet og Store Ljosegrunnsvatn ligg det båtar som fiskarar kan nytta seg av. Ved desse tre vatna ligg det også hytter som står opne i sesongen, i tillegg er det hytte ved Øvre Fleskevatn - les meir om hyttene under eiga fane.
​
Sesongen startar vanlegvis mellom 10. og 20. juli; dette kjem an på når anleggsvegen blir brøytt opp, noko som igjen kjem an på snøtilhøva.
I 2025 opnar fiskesesongen fredag 11.juli. Det er på dette tidspunktet heilt ope Hallingskeidsanden og delvis ope på Kvevatnet, men ein del isflak og snø rundt vatnet. På grunn av at det altså er att ein del snø er heller ikkje alle parkeringsplassar opne enno. Vidare må alle som køyrer til/frå statsalmenningen visa aktsemd for og omsyn til anleggstrafikken på vegen.
Fiskesesongen er slutt 30. september, men merk at bruene over vassdraget frå Kvevotni gjerne blir tekne ned tidlegare i september. Nærare info om sesong blir lagt ut under nyhende/info på denne nettsida.
​
Meir info om vatna det var registrert fangst i finn du under underfana Fiskevatn. Korleis du kjøper fiskekort, og kva prisane er les du under underfana Fiskekort.
