top of page

Tilkomst: Om du kjem frå aust eller vest tek du av ved nedlagde Ljøsne skule (oransje bygningar, merka "ABC" på kartet), 13-14 km. aust for Lærdal sentrum. Du køyrer 3-400 meter,  mellom anna kryssar du Lærdalselvi over ei smal bru. Så kjem du til eit kryss, her tek du til venstre.

 

Denne vegen fører heilt til fjells inn i Lærdal statsalmenning. Du må rekna om lag ein times køyring frå krysset til Hallingskeidsande/Kvevotni. Vegen har variabel standard, og køyring er på eige ansvar. Me rår til at campingbilar og liknande ikkje køyrer på vegen.

 

Du møter på ein bom i Øyridalen der ein nøkkjelboks er festa på. Koden til denne får ein utlevert ved kjøp av fiskekort, jaktkort eller ved leige av fjellstyrehytte. Nøkkjel må leggjast attande i boksen når ein har låst opp bommen og deretter må boksen låsast att med kode. Bommen skal alltid vera låst.

Velkomen til Lærdal fjellstyre si nettside!

 

Fjellstyret leiger ut fjellfiske, rupejakt og hjortejakt til jegerar og fiskarar. I tillegg har me seks hytter i Lærdal statsalmenning; fire står opne for fiskarar og jegerar, dei to andre kan leigast for ein viss sum per døgn.

 

Både fjellfisket og rupejakta føregår i Lærdal statsalmenning. Rupejakt blir det i utgangspunktet ikkje i 2023. Meir info under: «Rupejakt». 

 

Til statsalmenningen kjem du ved å køyra anleggsvegen gjennom Raasdalen og vidare heilt opp på 1500 høgdemeter der vegen sluttar ved Kvevotni. Då er har du rundt femti fiskevatn til saman vest og aust for vegen - nokre ligg heilt ved vegen, så fordeler vatna seg utover i alle retningar; dei som ligg lengst unna tek det tre-fire timar normal gange å koma seg til. Vegen opnar 20. juli som hovudregel. Dersom det er endringar på dette blir det lagt ut særskilt info vedkomande år.

 

Hjortejakta går føre seg i fire ulike terreng vest i kommunen. for tre av terrenga er det to jaktlag, for det siste terrenget er det eitt jaktlag. Kvart jaktlag som får tildelt terreng har terrenget i to sesongar. For to av terrenga er utanbygds jegerar prioriterte, for dei to andre er innanbygds jegerar prioriterte.

 

På denne sida finn du hovudsakleg info om fiskevatna, hyttene, korleis du kjøper fiskekort og korleis du kan søkja om rupe- og hjortejakt. Du finn også annan relevant info for fisket og jakta fjellstyret leiger ut.

 

Nyttige lenkjer:

Norsk fjellstyresamband

Inatur

Hjorteviltregisteret

Villrein.no

Statskog

bottom of page