top of page

Hytteutleige

 

Lærdal fjellstyre har to større hytter som ligg rett ved anleggsvegen, desse kan leigast mot betaling. Her finn du alt du treng, men du må ha med sovepose sjølv.

Du må ta kontakt med fjellstyret for å leiga ei av dei to hyttene som blir leigde ut mot betaling, sjå under Kontaktinfo.

Kvevasshytta ligg ved Kvevotni, der anleggsvegen endar. Hytta består av eit skott og eitt rom, her er det fire sengeplassar.

 

Prisar for leige av hytta:

Helg: Fredag kl. 12 til måndag kl. 12: 1300 kr for innanbygds, 1600 kr. for utanbygds

Kvardag: Måndag til fredag: 450 kr. pr. dag for innanbygds, 500 kr. pr. dag for utanbygds

Hallingskeidhytta ligg kloss ved vegen, rett ovanfor det populære fiskevatnet Hallingskeidsanden. Hytta består av opphaldsrom med kjøkenkrok, tre soverom med to køyer i kvar og bod. 

Prisar for leige av hytta:

Helg: Fredag kl. 12 til måndag kl. 12: 1600 kr for innanbygds, 1900 kr. for utanbygds

Kvardag: Måndag til fredag: 500 kr. pr. dag for innanbygds, 550 kr. pr. dag for utanbygds

Merk at rutene som er innteikna i karta er omtrentlege

Dei fire opne hyttene har alle kokeapparat og elles det du treng for å overnatta. I Hilmsbu, Flågrunnshytta og Fleskebu er det også vedomn. Sovepose må du ha med sjølv. Her gjeld førstemann-til-mølla-prinsippet, men du må skriva deg inn i ei bok som ligg i ei postkasse ved vegbommen i Øyridalen. Her ser du også om dei ulike hyttene er ledige.

 

Hilmsbu ligg ved Hilmsvatnet, hit kan du koma frå Hallingskeidsanden via Fløgesprangtjørn og Grånostjørn (halvannan - to timars gange). Det ligg ein båt i naust ved Hilmsvatnet, rett nedom hytta.

 

I tillegg til dei nemnde vatna ligg Bubottvatnet og Perbakktjørni innan ein times gange frå hytta.

 

Hytta er i eitt rom og har fem sengeplassar, pluss eit skott. 

Mest vanlege rute til Hilmsbu
Plassering for Hallingskeidhytta er teikna inn

Hilmsbu

Hallingskeid-

hytta

Flågrunnshytta ligg på andre sida av Kvevotni i høve parkeringsplassen på dammen. Hit kjem du enklast med båt over Kvevotni. Fjellstyre har to båtar som ligg i ope naust ved dammen. Du må ha med motor sjølv, eventuelt ro over. Du kan også gå rundt Kvevotni for å koma til hytta, ein gåtur på to-tre timar uansett kva veg du vel.

 

I tillegg til Kvevotni har du Nedre og Øvre Fagervatn pluss Gavlevatnet innan ein times gange frå hytta.

 

Hytta er i eitt rom og har fire sengeplassar, pluss eit skott.

Mest vanlege rute til Flågrunnshytta
Med båt over Kvevotni; merk at om vatnet er svært nedtappa, kjem ein kanskje ikkje over med båt; då må ein gå rundt. Kvevasshytta innteikna.

Kvevasshytta

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Naustet ved Ljosegrunnsvatnet er det kortast til om du går frå Gravdalen via Svartevatnet og dei to Finnsholsvatna. Du kan også halda fram frå Hilmsbu via Perbakktjørni. Ein annan variant her er å gå via Bubottvatnet og over sogen som fører til Øvre Finnsholsvatn. Alle variantane tek tre-fire timar.

 

Frå naustet har du Store og Vesle Ljosegrunnsvatn, Perbakktjørni, Hånostjørnin, Vadtjørni, Øvre Finnsholsvatn og Vetle Raudvatn innan ein times gange-

 

Hytta er i praksis eit naust med overnattingsmoglegheiter, to køyer. Det er også fullt mogleg å liggja i sjølve naustet.

Mest vanlege rute til naustet
Mest vanlege rute til Fleskebu

Fleskebu

Naustet på Ljosegrunnane

Det går traktorveg til enden av den innteikna sløyfa, så har ein veldig høg bil kan ein køyra hit. Har ein lågare bil og parkerer ved anleggsvegen, kan ein korta ned ved å ta av traktorvegen litt før så ein unngår sløyfa

Fleskebu ligg ved Øvre Fleskevatnet. Hit kan du koma på fleire vis, men kortast er det frå Finnebuane, ein gåtur på mellom to og tre timar

 

I tillegg til Øvre Fleskevatnet, har du Nedre Fleskevatnet, Einarsvatnet og Skavlevatnet innan ein times gange frå hytta. Det ligg også nokre småtjørnar i nærleiken.

 

Hytta har ei soveavdeling med åtte senger, eit stort skott og eit opphaldsrom.

Hilmsbu
Kvevasshytta
Flågrunnshytta
Hallingskeidhytta
Naustet på Ljosegrunnane
bottom of page