

Sone 1

Sone 2

Sone 3
Rupejakt i Lærdal statsalmenning
Lærdal fjellstyre har vedteke at det i utgangspunktet ikkje blir rupejakt i Lærdal statsalmenning i 2025. Det har vore utført takseringar i nærliggjande fjellområde dei siste åra som viser låg tettleik av fugl, også under taksering i 2024.
Følgjande reglar vart lagt til grunn sist gong det var rupejakt, i 2022:
– Jakttid: 10. september - 30. september
– Maks to ruper per jeger per dag
– Ikkje høve for å bruka hund til jakt
– Fire jaktsoner (sjå kart), maks fem jegerar per sone samstundes.
Følgjande prisar gjaldt pr. pers:
– Dagskort/døgnkort: 250 kr.
– 3-dagarskort: 750 kr.
– 5-dagarskort: 1100 kr.
– Vekeskort (7 dagar): 1500 kr.
Søknad om rupejakt i Lærdal statsalmenning må vera sendt til: laerdal@fjellstyrene.no innan 1. juli. Søknaden må innehalda følgjande opplysningar:
– Namn og adresse på alle det blir søkt om jaktkort for
– E-post-adresse og telefonnr. til kontaktperson
– Kva type jaktkort jegeren eller jaktlaget søkjer om (kor mange dagar)
– Ein kan ønskja seg ei spesiell sone, men dersom det er såpass mange søknadar for same tidsrom at loddtrekning må til, kan ein få tildelt ei anna sone.
Tilbakemelding om kor vidt søknaden er innvilga blir sendt ut på e-post i løpet av juli, etter at gjennomgang av søknadar og eventuell loddtrekning er fullført. Då vil også info om betaling og jaktkortet koma.
Sone 1, 2 og 3 er lett tilgjengelege gjennom Kvevassvegen (anleggsveg, sjå kart på framsida). Du møter på ein bom i Øyridalen der ein nøkkjelboks er festa på. Koden til denne får ein utlevert ved kjøp av fiskekort, jaktkort eller ved leige av fjellstyrehytte. Nøkkjel må leggjast attande i boksen når ein har låst opp bommen og deretter må boksen låsast att med kode. Bommen skal alltid vera låst.
Til Borgund statsalmenning kjem ein ved å følgja merka DNT-sti frå anten Breistølen/Stardalen eller Bjøberg mot Bjordalsbu på Hemsedalsfjellet.
Det ligg ei ope fjellstyrehytte i både sone 1 og sone 2. I sone 3 ligg ei ope hytte og eit naust med sengeplassar. I desse hyttene gjeld førstemann-til-mølla-prinsippet, og ein ser i ei bok som ligg i ei postkasse ved bommen på Kvevassvegen kor vidt hyttene har ledig kapasitet (her må alle som skal nytta hyttene skriva seg inn). I tillegg ligg det to hytter langs Kvevassvegen fjellstyret leiger ut mot ein pris. Les meir om både desse og dei opne hyttene her. I Borgund statsalmenning ligg det ikkje fjellstyrehytter, men Bjordalsbu, som ligg rett utanfor sona, er DNT-hytte.
For spørsmål, kontakt leiar i fjellstyret Kenneth Grøthe, tlf: 900 73 896.
