© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon

Fiskevatna

I Lærdal statsalmenning kan du fiska i om lag femti ulike vatn; frå små tjørnar til store vatn - i somme nappar det gjerne hyppig, men fisken er ikkje veldig stor. I andre vatn må du vera meir tålmodig, men du kan få relativt stor aure som er knallraud i kjøtet. Nokre vatn ligg rett ved vegen, andre må du gå i fleire timar for å koma til.

Me gir her ein kort omtale av dei aller fleste vatne det er registrert fangst i dei siste åra. Du finn også dei siste og meir detaljerte fangstrapportar under Nyhende/info.

1. Barbrotjørn

 

Passeleg stort tjørn du brukar mellom ein halvtime og tre kvarter å gå til frå dammen på Kvevotni eller Buasogen. Du får ikkje veldig stor fisk her.

Registrert fangst 2016: 10 stk, snittvekt: 200 gr.

 

2. Blandevatn

Lite tjørn som ligg rett ved anleggsvegen. Fisken er liten her.

Registrert fangst 2016: 2 stk, snittvekt: 100 gr.

 

3. Buasogen

Dam i vassdraget frå Kvevotni, rett ved vegen. Her kan du få bra fangst på rette tidspunktet.

Registrert fangst 2016: 19 stk, snittvekt: 289 gr

 

4. Buasogtjørn

Passeleg stort tjørn du brukar ein liten halvtime å gå til frå Buasogen. Du får grei, men ikkje veldig stor fisk her.

Registrert fangst 2016: 4 stk, snittvekt: 250 gr.

 

5. Bubotntjørn

Spennande lite tjørn der du neppe får mange, men fine fiskar i. Mellom to og tre timar gange frå anleggsvegen, normalt via Hilmsbu.

Registrert fangst 2016: 2 stk, snittvekt: 350 gr.

 

 

6. Bubotnvatn

 

Stort vatn der du kan få alt frå "sardinar" til fisk på godt over halvkiloen. Mellom to og tre timar gange frå anleggsvegen, normalt via Hilmsbu.

Registrert fangst 2016: 13 stk, snittvekt: 400 gr.

7. Einarsbotn, Store

Mellomstort vatn med fin steikefisk, om lag ein halvtime å gå frå Hallingskeidsanden.

Registrert fangst 2016: 5 stk, snittvekt: 240 gr.

 

8. Einarsvatn

Stort vatn med fin fisk, hit brukar du eit par timar frå f.eks. Gravdalen. Ein halvtimes gange eller vel det frå Fleskebu.

Registrert fangst 2016: 22 stk, snittvekt: 318 gr.

 

9. Eivindtjørn

Lite tjørn nokre minuttars gange frå vegen, her får du neppe stor fisk.

Registrert fangst 2016: 1 stk, snittvekt: 200 gr.

 

10. Elvi

Det finst mange fine kulpar i vassdraget som startar i Kvevotni som kan gi fin fangst.

Registrert fangst 2016: 14 stk, snittvekt: 365 gr.

 

11. Finnsholsvatn, Øvre

Stort vatn kjend for svært fin fisk med god kondisjon. Ligg i eit snørikt område, så opnar ofte seint og kan vera utfordrande å få fisken til å bita i, men fangsten når ein "treff" kan bli svært god. Om lag tre timars gange frå Gravdalen via Finnsholsbandet. Ligg ikkje langt frå naustet på Ljosegrunnane.

Registrert fangst 2016: 107 stk (96 på garn), snittvekt: 350 gr.

 

12. Fleskevatn, Nedre

Passe stort tjørn med ikkje veldig stor fisk. Dryge to timar å gå frå Finnebuane. Ligg ikkje langt frå Fleskebu.

Registrert fangst 2016: 1 stk, snittvekt: 300 gr.

 

13. Fleskevatn, Øvre

Stort vatn rett ved Fleskebu. Her kan du få mykje grei steikefisk om tilhøva er dei rette. Du brukar truleg i underkant av tre timar hit frå Finnebuane.

Registrert fangst 2016: 24 stk, snittvekt: 435 gr.

 

14 Gavlevatn

Ganske stort vatn med flott fisk; ikkje alltid like lett å få den til å bita. For å koma hit tek du vanlegvis båt over Kvevotni og ruslar opp ein bakke. Om lag ein halvtime å gå frå Flågrunnshytta.

Registrert fangst 2016: 16 stk (11 på garn), snittvekt: 547 gr.

 

15. Hallingskeidsanden

Svært populært vatn for stongfiske som ligg rett ved vegen. Fin steikefisk.

Registrert fangst 2016: 208 stk, snittvekt: 314 gr.

 

16. Hilmsvatn

Stort vatn rett ved Hilmsbu, knappe to timar gange. Her har diverre fisken vorten liten dei siste ti åra, men ligg midt i smørauget så ein kan fiska i mange vatn rundt på same turen.

Registrert fangst 2016: 7 stk, snittvekt: 214 gr.

 

17. Hånostjørn

Svært spennande vatn med mange bukter og viker. Her kan du få heile spekteret frå småfisk til rundt kiloen, om du er heldig. Hit må du fort rekna tre og ein halv time gang frå vegen, ligg ikkje langt frå naustet på Ljosegrunnane

Registrert fangst 2016: 53 stk, snittvekt: 466 gr.

 

18. Kvevotni

Det største vatnet i Lærdal statsalmenning og har definitivt størst fangst; i all hovudsak på garn. Du kan få eit stort spekter av storleikar, men i all hovudsak flott fisk av god kondisjon.

Registrert fangst 2016: 2271 stk (1896 på garn), snittvekt: 350 gr.

 

19. Langetjørn

Lite tjørn eit kvarters gange frå anleggsvegen. Småfisk.

Registrert fangst 2016: 4 stk, snittvekt: 113 gr.

 

20. Liahovdvatn

Stort vatn med fin fisk, om lag to timars gange frå Kvevotni. Ligg ikkje langt frå Hilmsbu.

Registrert fangst 2016: 43 stk, snittvekt: 474 gr.

 

21. Liahovdtjørn

Passe stort tjørn knappe to timars gange frå Kvevotni, fin fisk.

Registrert fangst 2016: 2 stk, snittvekt: 300 gr.

 

22. Ljosegrunnsvatn, store

Stort, svært djupt vatn der det blir fiska mykje med garn. Har somme år snittvekt på godt over halvkiloen. Hit må du rekna dryge tre timar gange, naustet på Ljosegrunnane ligg rett ved.

Registrert fangst 2016: 215 stk (109 på garn), snittvekt: 479 gr.

 

23. Ljosegrunnsvatn, vesle

Ganske stort vatn som kan gi svært fin fangst, ligg rett ved Store Ljosegrunnsvatn, berre med ei kort elv mellom.

Registrert fangst 2016: 124 stk (50 på garn), snittvekt: 507 gr.

 

24. Perbakk

Eigentleg tre tjørnar, eitt lite og to litt større, som meir eller mindre heng i hop med korte bekkar mellom. Kan gi mykje fisk, om enn ikkje veldig stor. Ligg ganske midt mellom Hilmsbu og naustet på Ljosegrunnane. Knappe tre timar gange frå anleggsvegen.

Registrert fangst 2016: 28 stk, snittvekt: 230 gr.

 

25. Skavlevatn

Stort vatn, her kan du gjera svært fin fangst; nest høgast snittvekt i 2016 og mykje fanga fisk. Som namnet tilseier, ligg det mykje brear rundt, så bettet kan variera mykje med sesong og vêrtilhøve.

Registrert fangst 2016: 66 stk, snittvekt: 616 gr.

 

26. Steinevatn

Mellomstort vatn i enden av Kvevotni; knappe halvannan times gange frå dammen eller ein båttur. Fin fisk.

Registrert fangst 2016: 7 stk, snittvekt: 400 gr.

 

27. Tvillingtjørn

To småtjørnar rett ved vegen. Storfisken får du ikkje her, men junior kan kanskje få sin første fisk.

Registrert fangst 2016: 6 stk, snittvekt: 183 gr.

 

28. Vadtjørn

Av dei omtalte vatna er det lengst å gå hit, du må nok rekna borti fire timar frå Gravdalen via Finnsholbandet. Men innunder Hånosi ligg vatnet idyllisk og kan gi svært flott fangst; høgast snittvekt i 2016.

Registrert fangst 2016: 14 stk, snittvekt: 750 gr.

I karta under finn du vatnat att etter nummera i lista:

Lærdal vestre statsalmenning
Lærdal austre statsalmenning
Lærdal søre statsalmenning