
Oppdatert 10. august: Ny endring av tidspunkt for vegstening i Øyridalen
Østfold Energi informerer at anleggsvegen inn til Lærdals statsalmenning vert stengt onsdag 16. august klokka 21. Vegen opnar etter planen att fredag 18. august klokka 15. Dette er altså den andre endringa i høve tidspunktet for vegstengingane som først vart opplyst, men no er det dette som gjeld. Østfold Energi strekar også på si Facebookside under at tidspunktet kan bli endra. Facebooksida ser du ved å trykkja her (PS: Du treng ikkje ha Facebookkonto for å lesa innlegga på


Viktig info om jegerpakkene
Jegerpakkene inneheld utstyr for å ta CWD-prøver. Alle reinsjegerar i Nordfjella skal ha med ei slik pakke per kort. Pakka inneheld utstyr for å ta prøver av begge dyra på statskorta, altså både det frie løyvet og kalveløyvet. Pakkene inneheld følgjande: - Eigongshanskar til bruk ved slakting - Plastglas som skal nyttast når jegeren tek avføringsprøve av reinane - Store posar reinshovuda skal inn i når dei skal fraktast ut av fjellet med tilhøyrande strips for å lukka posane