top of page

Fiskerapport 2024

Ein ny blaut og til dels kald sommar er tilbakelagt med god margin – og fangstrapporten for fiske i Lærdal statsalmenning 2024 er ganske lik rapporten frå 2023.

Det vil seia – det er rapportert inn 1448 landa fisk totalt i år mot 1299 i fjor. Snittvekta er også veldig lik; 14 gram høgare snittvekt i år enn i fjor. (Rapporten er litt oppjustert i høve den som stod i Helg & Kvardag før jul fordi det har kome inn ein ny delrapport)


«Analyserer» ein litt tal frå i år sett opp mot fjoråret, og mot tal nokre år tilbake (her vekter frå 2020) er det positive ting som kan nemnast spesielt:

·       Det er rapportert inn fangst i 22 ulike vatn mot 13 ulike vatn i fjor – det er bra at så mykje av almenningen blir fiska i.

·       Det er rapportert snittvekt på over halvkiloen i seks vatn i år mot berre eitt vatn i fjor (fire av 27 vatn det vart rapportert fangst frå i 2020 hadde snikktvekt over halvkiloen) – det vitnar om positiv utvikling på kondisjonen i fleire vatn. Spesielt kan nemnast:

·       Hilmsvatnet med oppgang i snittvekt frå 0,39 til 0,44 kg. frå i fjor til i år (I 2020 var snittvekta 0,34 kg). Desse åra var det innrapportert sopass mykje fangst at auken neppe er tilfeldig. Dessutan heng Perbakktjørnin sopass saman med Hilmsvatnet via heilt korte elvar og viker at desse kan sjåast i samanheng – og i Perbakktjørnin auka snittvekta frå 0,31 til 0,4 kg. Det har vore ein del tynningsfiske i Hilsmvatnet tidlegare, så mykje tyder på at dette har hjelpt på – Lærdal jeger- og fiskarlag har dessutan fått tilskot til nye år med tynningsfiske.

·       Skavlevatnet hadde ei snittvekt på 0,63 kg på 19 innrapporterte fiskar i år. Det har vore høg snittvekt her før også (ingen rapportert fangst i fjor, 0,51 kg i 2020), men sjeldan på dette nivået. (Hånostjørnin hadde for så vidt høgast snittvekt på 0,85 kg, men dette var berre ein fisk)

·       Øvre Fleskevatnet hadde ei snittvekt på 0,51 kg – rett nok berre på sju rapporterte fiskar, men dette er ei monaleg betring frå tidlegare (Ingen rapportert fangst i fjor, men 0,37 kg i 2020)


Lærdal fjellstyre håpar enno fleire prøver fiskelukka i Lærdal statsalmenning neste sommar!  



Comments


Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page