top of page

Vegen er stengt på ubestemt tid

Det gjekk ras tysdag kveld på anleggsvegen som går til Lærdal statsalmenning og Kvevatnet. Per fredag ettermiddag er raset framleis ikkje rydda, og det er uklart når vegen opnar att ifølgje Lærdal kommune.


Meir konkret info enn dette har me diverre ikkje, men ein må i alle fall rekna med at vegen ikkje opnar att før tidlegast over helga ei gong.


Dei som har kjøpt fiskekort for dagane vegen har vore stengt og dei komande dagane den held stengt, kan nytta korta sine på valfri(e) dagar seinare denne sesongen, etter vegen har opna att (Har du kjøpt dagskort du ikkje får nytta no kan du fiska ein valfri dag seinare i august, har du kjøpt tre- eller sjudagarskort kan du nytta det tilsvarande mange dagar etter at vegen har opna att).


Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page