top of page

Viktig info om jegerpakkene


CWD-koordinator Lars Nesse pakkar jegerpakker

Jegerpakkene inneheld utstyr for å ta CWD-prøver. Alle reinsjegerar i Nordfjella skal ha med ei slik pakke per kort. Pakka inneheld utstyr for å ta prøver av begge dyra på statskorta, altså både det frie løyvet og kalveløyvet.

Pakkene inneheld følgjande:

- Eigongshanskar til bruk ved slakting

- Plastglas som skal nyttast når jegeren tek avføringsprøve av reinane

- Store posar reinshovuda skal inn i når dei skal fraktast ut av fjellet med tilhøyrande strips for å lukka posane

- Biosekker alt av slakteavfall skal leggjast i for oppbevaring til uttransport dersom den skotne reinen testar positivt for skrantesjuke (hugs å merka slakteplass så den er godt synleg + notera ned GPS-koordinatar)

- Lappar med merker for diverse prøvar

- Nummerstrips som skal festast på alle parteringsdelene

- Lynlåsposar til lappane og jaktkorta så desse ikkje blir tilgrisa med blod

- Posar for slakteutstyr og liknande så dette ikkje spreier potensielt skrantesjukeinfisert blod rundt

Jegerpakkene får du utdelt når du hentar jaktkortet. Har du henta kortet og ikkje fått med jegerpakke, kan slike hentast hjå Jarle Molde eller Nils Asle Kirkevoll (sjå kontaktinfo for telefon og e-post) - dette gjeld kun statskort. Jegerpakker kan også, når jakta har byrja, hentast på stadene der hovuda skal leverast inn. Desse stadene er:

- Erling Mo

- På Lo, ved bommen til anleggsvegen

- Årheim Agentur

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page