top of page

Fiskesesongen startar 17. juli

Vegen inn til Lærdal statsalmenning er open frå og med fredag 17. juli. Då startar også fiskesesongen, men det det er mykje snø til fjells, så i starten av sesongen vil berre nokre få av vatna vera fiskbare, I alle høve er det meste av Hallingskeidsanden ope ved sesongstart og Kvevotni så vidt fiskbart med stong nokre plassar (sjå bileta). Småvatna nær vegen (Blandevatn, Tvillingtjørn, Eivindtjørn og Gravdalsnostjørn) er truleg også fiskbare meir eller mindre frå starten av sesongen av, andre vatn som plar vera av dei tidlegast opne er Einarsbotnane, Fløgesprangtjørn og Grånostjørn – men dette må den einskilde fiskar finna ut av sjølv.

Hallingskeidsanden 14. juli 2020

Bommen har fått kodelås og fiskekort på nett

Bommen i Øyridalen har no fått kodelås. Me har også lagt ut fiskekort på Inatur, så alle kategoriar fiskekort kan kjøpast over nett her. (Obs: ved kjøp på Inatur blir det lagt på eit servicegebyr på 20 kr.; denne summen blir lagt på uavhengig av kva type og kor mange kort du kjøper. Dette er eit gebyr Inatur legg på automatisk). Koden til låsen står på side 2 på kvitteringa under «Informasjon fra selger» når du kjøper fiskekort på Inatur, hugs å noter ned denne! Elles kan fiskekort sjølvsagt kjøpast direkte hjå Fjellstyret som før, men frå i år kan ein også betala med Vipps når ein kjøper kort direkte. Meir inngåande informasjon om fiskekorta finn du her.

Kvevotni 14. juli 2020

Vinn gratis fiskekort for 100 år!

I samband med at fjellstyra blir 100 år i 2020 går det ein kampanje der ein kan vinna gratis fiskekort for 100 år (det vil i dei aller fleste høve tilsvara resten av livet). Denne premien går til vedkomande som klarar å finna ein gåveboks (sjå bilete) som er gøymt ein eller annan plass i Lærdal statsalmenning. Almenningen er jo stor, så dette kan høyrast ut som å leita etter den vidgjetne nåla i høystakken, men me kan vel seia at ein neppe må inni Bukkestein eller til Vadtjørn for å finna gåveboksen. Finn du boksen kontaktar du altså ein av oss i Lærdal fjellstyre.

Då ønskjer me alle riktig god fiskesesong 2020!

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page