Fiskerapport 2020
Årets fiskesesong starta seint – få vatn var opne før me bikka over i august månad. Store Ljosegrunnsvatnet har knapt vore fiskbart denne sesongen, mellom anna. Det kan vera noko av grunnen til at fangsten er meir enn halvert frå i fjor. Ein annan grunn kan vera at det verkar til å ha vore færre innanbygds på fisking i almenningen i år, medan det har vore fleire utanbygds enn før. Det siste har nok litt med å gjera at me i år starta å selja fiskekort på Inatur. I alle fall er det kome inn få rapportar i høve før om åra, trass i om lag like mange selde fiskekort.
Rapporten under må såleis takast med ei klype salt, også vektene ettersom mange er svært omtrentlege i berekninga her. Det er meld om fangst i 27 vatn – dei to Ljosegrunnsvatna, Skavlevatnet og Bubottjødn er vatna som bikkar halvkiloen i snittvekter.
Elles vart vinnar av gratis fiskekort (stong/oter) i Lærdal statsalmenning i 100 år Arild Lysne Paulsen – han fann gåveboksen som fjellstyret hadde lagt ved Eivindbu. Konkurransen var i samband med at fjellstyra i Noreg er 100 år i 2020. Lærdal fjellstyre gratulerer Lysne Paulsen så mykje, og vonar han får mange fine fisketurar i veldig mange år!
Comments