Fiske og jaktrapport 2018

Ja, så er Kvevatnet fullt att, men då fisket tok til i sommar var det att om lag 2 meter til det rann over. Ny båtrampe gjer det lett både å setja ut og ta opp båtar. Mange fleire enn før har difor kome med båt og fiska frå den både med garn, stong og oter.

Tabellen er sett opp etter dei innkomne fiskekorta. Han er ei god rettleiing, men ikkje meir. Ungdom under 16 år treng ikkje fiskekort. Vekta er ofte berre «rusa» osv. Har teke med resultatet frå både 2017 og 2016, då fjoråret var spesielt.

Når det gjeld rypejakta kom vinteren i fjellet brått, så det vart utfordrande tilgjenge til rypefjellet. I tillegg var det restriksjonar på jakta med maks to ryper per jeger per dag, maks fem jegarar samstundes per sone og ikkje høve for å bruka hund. Totalt vart det felt 28 ryper i Lærdal statsalmenning denne hausten, flesteparten vart felt i den vestre sona.

Siste innlegg