top of page

Viktig informasjon om reinsjakta 2017


Her er litt viktig informasjon om reinsjakta 2017:

- Jaktkort kan hentast i 2tal elektro sine lokaler, Hansegardsvegen 1, måndag 24. juli og onsdag 26. juli, begge dagar mellom klokka 17 og 19.

- Jegerpakke med materiell til prøvetaking under slaktinga blir ikkje utdelt før etter 1. august.

- Hovud kan leverast følgjande stader: 1. Ljøsne (truleg hjå Erling Mo, ikkje heilt avklart) 2. Lo på Borgund, ved bommen på anleggsvegen 3. Årheim Agentur

- Danning av jaktlag i statsalmenningane i Lærdal under villreinjakta 2017:

Jegerar som er tildelt fellingsløyve på villrein kan organisere seg i jaktlag på inntil 5 personar. 3 jegerar kan og organisere seg i eit jaktlag når minst ein av jegerane har fått tildelt fellingsløyve.

Den jegeren fellingsløyve lyder på skal være med under jakta og oppbevare fellingsløyve. Tillatelsen skal være utferda og signert av fjellstyret før jakta tek til. Tillatelsen skal innehalde opplysningar om:

- Kven er ansvarleg kontaktperson

- Namn på samtlege jaktlagsmedlemmar

- Kva dyr laget har rett til å felle

- Jaktkortnummer

Ein person kan kun stå som medlem i eit jaktlag. Tillatelsen skal alltid medbringast under jakta av ansvarleg for jaktlaget.

- Trykk her for å få opp lenkje til informasjonsbrosjyre om prøvetaking i Nordfjella (Trykk på knappen "last ned" til høgre på sida du kjem til)

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page