© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon

Tilkomst: Om du kjem frå aust eller vest tek du av ved nedlagde Ljøsne skule (oransje bygningar, merka "ABC" på kartet), 13-14 km. aust for Lærdal sentrum. Du køyrer 3-400 meter,  mellom anna kryssar du Lærdalselvi over ei smal bru. Så kjem du til eit kryss, her tek du til venstre.

 

Denne vegen fører heilt til fjells inn i Lærdal statsalmenning. Du må rekna om lag ein times køyring frå krysset til Hallingskeidsande/Kvevotni. Vegen har variabel standard, og køyring er på eige ansvar. Du møter på ein bom i Øyridalen, nøkkjel til bommen blir utlevert med fiskekort eller jaktkort.

‚Äč

Velkomen til Lærdal fjellstyre si nettside!

 

Fjellstyret leiger ut fjellfiske, rupejakt og hjortejakt til jegerar og fiskarar. I tillegg har me seks hytter i Lærdal statsalmenning; fire står opne for fiskarar og reinsjegarar, dei to andre kan leigast for ein viss sum per døgn.

 

Både fjellfisket og rupejakta føregår i Lærdal statsalmenning. Info om rupejakta 2019 med prisar, reglar og søknadsprosedyre er no lagt under «Rupejakt» – hugs søknadsfrist 30. april. Hit kjem du ved å køyra anleggsvegen gjennom Raasdalen og vidare heilt opp på 1500 høgdemeter der vegen sluttar ved Kvevotni. Då er du midt i terrenget for reinsjakt, og har rundt femti fiskevatn til saman vest og aust for vegen - nokre ligg heilt ved vegen, så fordeler vatna seg utover i alle retningar; dei som ligg lengst unna tek det tre-fire timar normal gange å koma seg til.

 

Hjortejakta går føre seg i fire ulike terreng vest i kommunen. for kvart terreng er det to jaktlag , kvart jaktlag som får tildelt terreng har terrenget i to sesongar. For eitt av terrenga er utanbygds jegerar prioriterte, dei tre andre er innanbygds jegerar prioriterte.

 

På denne sida finn du hovudsakleg info om fiskevatna, hyttene, korleis du kjøper fiskekort og korleis du kan søkja om rupe- og hjortejakt. Du finn også annan relevant info for fisket og jakta fjellstyret leiger ut.

 

Nyttige lenkjer:

Norsk fjellstyresamband

Inatur

Hjorteviltregisteret

Villrein.no

Statskog