top of page

Viktig å senda inn fiskerapport!

Alle som har fiska i Lærdal statsalmenning i 2023 og fått fisk må levera fiskerapport innan 20. oktober.


Fiskesesongen er over i Lærdal statsalmenning med god margin, og då skal ein levera fiskerapport om ein har fått fisk.


Grunnen til at dette er viktig, er at Lærdal fjellstyre etter kvar sesong lagar ein samla fiskerapport med oversikt over alle vatna i statsalmenningen. Dette har vorte gjort kvart år, så me har gode statistikkar bakover i tid.


Rapportane tener fleire føremål - først og fremst seier dei noko om utviklinga av storleik på og til dels mengd av fisk i dei ulike vatna over tid. Dette er fjellstyret sitt fremste verktøy for å kultuvera vatna best mogleg - altså kor mykje fisk det eventuelt skal setjast ut, om ein bør byrja med tynningsfiske i somme vatn, osv.


Rapportane er også nyttige for fiskarar - ein får eit visst innblikk i kva vatn det kan vera lurt å prøva fiskelukka i utifrå om ein er ute etter storfisk, mykje fisk, skal fiska med garn eller stong/oter.


Per 12.oktober har me motteke få fiskerapportar, og det er uheldig fordi me får ein mindre korrekt statistikk for denne sesongen di færre rapportar som kjem inn. Så - gjer vel og send inn din fiskerapport innan 20.oktober - anten på e-post til: laerdal@fjellstyrene.no (Då kan ein evt lasta ned rapportmalen ved å klikka her).


Me ønskjer i utgangspunktet ikkje at ein rapporterer på Inatur fordi dette rapportskjemaet ikkje skil på ulike vatn, og då har ikkje rapporten all verda verdi (sjølv om det er betre enn ingenting).

Eit flott eksemplar på 600 gram fiska på stong i Vetle Ljosegrunnsvatnet 22. august

Comments


Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page