Info om fiske og rypejakt i Lærdal statsalmenning 2019
Vegen inn til Lærdal statsalmenning opnar fredag 12. juli. Når det gjeld rypejakt er det framleis ledige periodar.
Fiske
Vegen opnar fredag 12. juli, info om fiskekort ligg her. I skrivande stund (2. juli) er ikkje dei mest høgtliggjande vatna opne enno; mellom anna er Kvevatnet berre byrja å opna seg. Fjellstyret vil prøva å koma med ei oppdatering på stoda på vår Facebookside rett før vegopning.
Det er høve for å leiga Hallingskeidhytta og Kvevasshytta, som ligg rett ved vegen (Desse er allereie booka store deler av sesongen), sjå info og prisar her. Dei andre hyttene (Fleskebu, Flågrunnshytta, Hilmsbu og naustet ved Ljosegrunnsvatnet) er alle opne og gratis å nytta for fiskarar og jegerar som har løyst fiske- og/eller jaktkort. Her gjeld «førstemann-til-mølla-prinsippet» men hugs å skriva deg inn i/sjekka boka nede ved bommen når du reiser til fjells – her noterer du kva hytte du skal bu i, kor mange de er og kor lenge de tenkjer å vera. Dette for å unngå at ein skal koma til ei hytte som allereie er full. Hilmsbu vil vera sett av til folk som driv med tynningsfiske nokre helger, sjekk den nemnde boka når du reiser oppi. Sjå info om hyttene til Lærdal fjellstyre her.
Skitt fiske!
Rypejakt
Det er per 2. juli framleis ledige periodar under rypejakta. Reglar, prisar, periodisering, soneinndeling og anna
. Er du interessert i å leiga rypejakt i Lærdal statsalmenning, ta kontakt med leiar i fjellstyret, Jarle Molde (Tlf: 909 68 677) eller Nils Asle Kirkevoll (Tlf: 958 74 665)