top of page

No er det tid for å levera inn nøklar og fiskerapport

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning sluttar offisielt 31. september, men med snøen som har kome i høgfjellet siste tida er det vel neppe veldig aktuelt for så mange å fiska meir i år. Difor må nøklar til bommen i Øyri leverast inn så snart som råd. Nøklane kan leverast inn til anten Nils Asle Kirkevoll, Jarle Molde, Frantz Henriksen, Geir B. Øverland, eller dei kan leggjast i Fjellstyret si postkasse i Hansegardsvegen 1 ved inngangen til kontoret til Jarle Molde.

Fiskerapport kan anten leverast på rapporteringssskjemaet du fekk utlevert med nøklane, eller du kan sende rapport på e-post til: laerdal.fjellstyre@alb.no. Hugs å få med kor mange fiskar du har fått i dei ulike vatna, snittvekt per vatn og totalvekt per vatn. Oppgi også kva fangstreiskap som har vorte nytta (om det er stong/oter eller garn). Endeleg fiskerapport vil bli publisert i Helg & Kvardag som kjem ut midt i november, og den vil på same tida bli publisert på fjellstyret sine nettsider.

Takk for i år, og velkomen attende på fisking i Lærdal statsalmenning somamren 2019!

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page