No er det tid for å levera inn nøklar og fiskerapport

September 28, 2018

 

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning sluttar offisielt 31. september, men med snøen som har kome i høgfjellet siste tida er det vel neppe veldig aktuelt for så mange å fiska meir i år. Difor må nøklar til bommen i Øyri leverast inn så snart som råd. Nøklane kan leverast inn til anten Nils Asle Kirkevoll, Jarle Molde, Frantz Henriksen, Geir B. Øverland, eller dei kan leggjast i Fjellstyret si postkasse i Hansegardsvegen 1 ved inngangen til kontoret til Jarle Molde.

 

Fiskerapport kan anten leverast på rapporteringssskjemaet du fekk utlevert med nøklane, eller du kan sende rapport på e-post til: laerdal.fjellstyre@alb.no. Hugs å få med kor mange fiskar du har fått i dei ulike vatna, snittvekt per vatn og totalvekt per vatn. Oppgi også kva fangstreiskap som har vorte nytta (om det er stong/oter eller garn). Endeleg fiskerapport vil bli publisert i Helg & Kvardag som kjem ut midt i november, og den vil på same tida bli publisert på fjellstyret sine nettsider.

Takk for i år, og velkomen attende på fisking i Lærdal statsalmenning somamren 2019!

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

November 21, 2018

July 2, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon