Hugs å levera kontrollkort og bomnøklar

October 30, 2017

Reinsjakta i Nordfjella blir avlsutta tysdag 31. oktober. 

 

Desse tinga må du som har jakta rein og/eller fiska på statsalmenningane i Lærdal hugsa å levera:

 

– Kontrollkort (uavhengig av om du har skote rein eller ikkje)

– Bomnøkkel (viss du har fått utlevert det med reinskort eller fiskekort)

– Fiskerapport (viss du har fiska og fått fisk)

 

Me vil gjerne ha inn dette så kjapt som råd og absolutt seinast søndag 5. november.

 

Du kan levera på følgjande vis:

 

– Ved oppmøte på kontoret til Jarle Molde, Hansegardsvegen 1

– Ved å leggja dette i postkassa merka «Lærdal fjellstyre» ved inngangspartiet i Hansegardsvegen 1.

– Ved å senda pr. post til: «Lærdal fjellstyre, Postboks 65, 6886 Lærdal»

– Ved å levera kort/nøklar/rapport til Nils Asle Kirkevoll på Tønjum

 

Hugs å registrera felt rein på settogskutt.no

 

Det er svært viktig at alle som har felt villrein i Nordfjella i haust registrerer fellingane på www.settogskutt.no. Dei aller fleste har gjort det, men ikkje alle – så for å ha best mogleg statistikk på jakta ber me om at dei som ikkje har registrert fellingar på settogskutt gjer dette snarast råd.

 

Vår oppmoding her går først og fremst til dei om har kjøpt reinskort hjå Lærdal fjellstyre, men dette gjeld alle som har felt rein i Nordfjella i haust.

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

November 21, 2018

July 2, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon