Viktig info om jegerpakkene

August 3, 2017

Jegerpakkene inneheld utstyr for å ta CWD-prøver. Alle reinsjegerar i Nordfjella skal ha med ei slik pakke per kort. Pakka inneheld utstyr for å ta prøver av begge dyra på statskorta, altså både det frie løyvet og kalveløyvet.

 

Pakkene inneheld følgjande:

 

- Eigongshanskar til bruk ved slakting

 

- Plastglas som skal nyttast når jegeren tek avføringsprøve av reinane

 

- Store posar reinshovuda skal inn i når dei skal fraktast ut av fjellet med tilhøyrande strips for å lukka posane

 

- Biosekker alt av slakteavfall skal leggjast i for oppbevaring til uttransport dersom den skotne reinen testar positivt for skrantesjuke (hugs å merka slakteplass så den er godt synleg + notera ned GPS-koordinatar)

 

- Lappar med merker for diverse prøvar

 

- Nummerstrips som skal festast på alle parteringsdelene

 

- Lynlåsposar til lappane og jaktkorta så desse ikkje blir tilgrisa med blod

 

- Posar for slakteutstyr og liknande så dette ikkje spreier potensielt skrantesjukeinfisert blod rundt

 

Alle bør lesa nøye og helst ta med informasjonsbrosjyren for jegerar i Nordfjella på jakta (trykk her for å få opp brosjyra).

 

Jegerpakkene får du utdelt når du hentar jaktkortet. Har du henta kortet og ikkje fått med jegerpakke, kan slike hentast hjå Jarle Molde eller Nils Asle Kirkevoll (sjå kontaktinfo for telefon og e-post) - dette gjeld kun statskort. Jegerpakker kan også, når jakta har byrja, hentast på stadene der hovuda skal leverast inn. Desse stadene er:

 

- Erling Mo

 

- På Lo, ved bommen til anleggsvegen

 

- Årheim Agentur

 

Les elles Porten sin artikkel om prøvetakinga og helikoptertransporten.

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

November 21, 2018

July 2, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon