Vegen opnar til Eivindtjørn 20. juli


Torsdag 20. juli opnar anleggsvegen inn i Lærdal statsalmenning. Til no har vegen vore stengt ved Okkegrovi, men no framover blir det altså mogleg å ta seg til Eivindtjørni, litt framanfor Hallingskeidsanden. Det er bom i Øyridalen, før ein startar på stigninga. Nøkkjel til bommen får ein utlevert når ein kjøper fiskekort eller kort for villreinjakt.

Såleis startar fiskesesongen samstundes. Hallingskeidsanden er open, Kvevotni delvis open i skrivande stund (17. juli).

Grunna arbeid med dammen på Kvevotni vil vegen vera stengt ved Eivindtjørn heile sesongen. Det er snuplass der vegen er stengt, og her skal ein ikkje parkera. Les elles rundskriv frå Østfold Energi om praktiske omstende i høve vegen denne sesongen (Klikk på teksten under for å opna nedlastbar PDF):

Rundskriv om anleggsvegen til Kvevotni 2017

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square